No Ser Eg Atter Slike Fjell Og Dalar in Glittertind

Lyrics No Ser Eg Atter Slike Fjell Og Dalar in Glittertind

No Ser Eg Atter Slike Fjell Og Dalar
No Ser Eg Atter Slike Fjell Og Dalar

No ser eg atter slike fjell og dalar,
som dei eg i min fyrste ungdom såg
Og same vind den heite panna svalar,
og gullet ligg på snø som før det låg
Det er eit barnemål som til meg talar,
og gjer meg tankefull men endå fjåg
Med ungdomsminne er den tala blanda
Det strøymer på meg så eg knapt kan anda

Ja, livet strøymer på meg som det strøymde
Når under snø eg såg det grøne strå.
Eg drøymer no som før eg alltid drøymde,
når slike fjell eg såg lufti blå.
Eg gløymer dagsens strid som før eg gløymde,
når eg mot kveld av sol ein glimt fekk sjå
Eg finner vel eit hus som vil meg hysa,
når soli heim til natti vil meg lysa

incorrect video?